• Næringslivet i Hallingdal
  • De gode historiene
  • DIN ARTIKKEL
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
  • Link to Facebook
  • Link to Instagram
  • Link to X

Bilia

Lærlingar – ein ressurs

Nittenåringane Sindre Biksrud og Anders Rese har snart fullført den fireårige utdanninga til bilmekanikar. Først Vg2 Kjøretøy i to år på Ål vidaregåande skole, og deretter to år læretid hos Bilia på Gol. Til våren tar dei fagprøva; den er dei trygge på å greie – både teori- og praksisdelen.

SPONSET INNHOLD

Tekst og foto: Knut Erik Jetlund

Unge og lovande: -Sindre Biksrud (t.v.) og Anders Rese er snart fullgode mekanikarar, seier Tor Olav Sortebråten.

Plassjef Gunnar-Jan Holsen er like trygg.

– Sindre og Anders er dyktige og absolutt ein ressurs hos oss. Me har hatt fast lærlingavtale gjennom fleire år, og erfaringane er berre gode frå tidlegare også. Me plukkar ut kandidatane etter fleire intervjurundar, fortel han og legg til at bilforhandlarane også må kjempe seg imellom; alle er avhengige av rekruttering og vil ha dei beste .

Sindre har alltid vore bestemt på kva han skulle bli. For Anders kom yrkesvalet litt etter kvart. Ingen av dei har angra, forsikrar begge to. Er du teknisk interessert, finst det knapt noko meir spennande og variert yrke. Dei veit også at det er mogleg å vidareutdanne seg på høgare nivå, om det freistar.

Tor Olav Sortebråten, vegleiaren deira hos Bilia, kan underskrive på at mekanikarfaget ikkje står stille. 

– Utviklinga går raskare enn nokon gong. Derfor må du som bilmekanikar, vera i ein kontinuerleg læringsprosess gjennom heile karrieren. Du deltar på alle tekniske kurs som merkeforhandlaren arrangerer, fortel han og kjem inn på kva el-drift byr på av utfordringar for dei unge og ambisiøse. Til dømes at batteri på heile 400 volt er drivkrafta.

– Det handlar om tryggleik på høgt nivå og illustrerer kor viktig det er at dagens og framtidas reparatørar kan faget sitt. Derfor er det avgjerande å få inn dyktige lærlingar, som blir verande hos oss, seier Tor Olav. Den populære vegleiaren begynte sjølv på Bilia Gol som tjueåring – i 2000.

Vegleiar og lærlingar: Dei trivst i lag, Sindre Biksrud (t.v.), Tor Olav Sortebråten og Anders Rese.

«Derfor må du som bilmekanikar, vera i ein kontinuerleg læringsprosess gjennom heile karrieren, …» Tor Olav Sortebråten

SKREVET PÅ OPPDRAG FOR


Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med Pinterest
  • Del med epost

Hva er din historie?

Content Marketing, eller innholdsrettet markedsføring, er din mulighet til å presentere din bedrift slik du vil inntrykket skal være.

Les mer

Instagram

No images available at the moment

Følg oss!

Facebook

Bedrifter

  • Aparta (1)
  • Bilia (1)
  • Bruse (1)
  • Carl Hansen & Søn (1)
  • Eiendomsmegler 1 Fjellmegleren (1)
  • Espegard (3)
  • Gjensidige (1)
  • Gol Kjøl og Frys (2)
  • Hallingplast (1)
  • Hendug Bygg (2)
  • Maxbo (2)
  • Privatmegleren (1)
  • Sjemmedal (2)
  • Skue Sparebank (1)
  • SpareBank 1 Hallingdal Valdres (1)
  • Thon Hotell Hallingdal (1)
  • Uncategorized (10)
  • Varg Smartbo (1)
  • Visit Geilo (3)

Temaer

Aktiviteter Catering Eiendom Familie Fjell Flå Geilo Gol Hallingdal Hemsedal hjem Hol Hus Hytte kjøkken Langrenn Mat Nes Nesbyen Reiseliv Selskapslokaler Tomter Ål

Siste nytt

  • Sterke bånd gjennom 130 år10. desember 2019 - 14:00
  • Fiber utenfor allfarvei10. desember 2019 - 14:00
  • En miljøbedrift10. desember 2019 - 14:00
  • Kortreiste råvarer – høyreist hovmester på Dr. Holms10. desember 2019 - 14:00
  • Når livet tar en ny retning10. desember 2019 - 14:00
  • Håndverk og lidenskap på Dr. Holms10. desember 2019 - 14:00
© Levert av Hallingdølen AS
  • Link to Facebook
  • Link to Instagram
  • Link to X
Link to: Nye trender til fjells Link to: Nye trender til fjells Nye trender til fjells Link to: Thon Hotel Hallingdal Link to: Thon Hotel Hallingdal Thon Hotel Hallingdal
Scroll to top Scroll to top Scroll to top